Boknahåve

Tilhører: Bokn kommune Poeng: 10

Vandring-BlueBoknahåve

BoknahaaveStartpunkt: Ved Boknatunet, Føresvik
Lengde: 4 km
Høgde: 30 – 60 moh.
Tid: 4 timar t/r
Vanskegrad: Blå

 

 

Turomtale

Denne fine «langturen» på Bokn går frå Føresvik-området til fyrlykta på neset Boknahåve heilt nordvest på Vestre Bokn. Turen startar gjerne frå parkeringsplassen ved Boknatunet og følgjer Lyngvegen nordvestover gjennom byggefeltet og vidare på den såkalla Turstien.  Etter omlag 800 m tar du av frå turvegen og over på sti til høgre, gjennom variert landskap og terreng, lynghei, småskog, myrområde og over haug og hammar langs små, idylliske vatn. Det er godt merka heile vegen.

Ute på sjølve Boknahåve blir du møtt av fyrlykta på pynten og ei tilårskommen reiskaps- og vaktbu. Her får du flott utsikt over dei trafikkerte skipsleiene  Boknasundet og Karmsundet og det flotte øyriket mellom Karmøy og Bokn.