Bokn kommune

Boknafjellet-headBokn er ein landfast øykommune i Rogaland som består av tre bebodde øyer (Ognøy, Austre Bokn og Vestre Bokn) og 123 småøyer og holmar, og har omlag 870 innbyggjarar. Bokn har mykje natur og kultur å by på, ikkje minst spanande turmål og attraktive turar i variert landskap.

TellTur i Bokn 2018

I Bokn kommune har me no 7 turar i TellTur: Boknafjellet, Boknahåve, Turstien, Vardafjellet, Hognåsen, Klepphaugen (Loden) og Håklepp. Det kjem kanskje fleire til i løpet av året.

Kommune gir eit gåvekort til ein av turgåarane som går alle TellTurane på Bokn, mens friluftsrådet nok ein gong stiller med ein tursekk. I tillegg trekker Bokn kommune ut vinnarar av gåvekort frå turkassebøkene på dei ulike turmåla.

God tur i Bokn!

Les meir om turtilbodet på Bokn >>

Lenke til hjemmeside: http://www.bokn.kommune.no/