Fitjar kommune

FitjarFitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer.

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har omlag 3 000 innbyggjarar og har ei positiv folketalsutvikling. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

TellTur i Fitjar 2018

Fitjar har gode forhold for friluftsliv, ikkje minst med tanke på turar i variert og spanande natur, frå fjord til fjells. Stord-Fitjar turlag har merka og tilrettelagt mange av desse, og 11 av dei er med i årets TellTur-program.

Fitjar kommune vil trekkje eit gåvekort på kr. 500,- blant dei som har delteke på TellTur i kommunen. Friluftsrådet Vest gir ein tursekk til ein av dei som går alle turane i Fitjar.

Lenke til hjemmeside: http://www.fitjar.kommune.no/