Turstien

Tilhører: Bokn kommune Poeng: 5

1-Vandring H Neg_GR_NN_10M_20130421Turstien

Bokn - turstienStartpunkt: Føresvik (havna eller kyrkja)
Lengde: 4 km (rundløype)
Høgde: 2 – 50 moh.
Tid: 1,5 timar
Vanskegrad: Grønn

 

Denne fine rundløypa tar deg rundt heile Føresvik og litt til. Turen startar gjerne i sjølve Føresvik eller oppe ved kyrkja. Løypa går stort sett på grusveg, men nokre parti har asfalt. Dette er ein enkel tur som tar deg gjennom kulturlandskap, lynghei og småskog, men og gjennom boligfeltet i tettstaden Føresvik.

Koden for TellTur finn du på skiltpåle lengst vest i løypa, i krysset der Turstien går nord- og austover til Føresvik og kjerrevegen går vestover mot Boknahåve (sjå kartet).