Helgelandsfjellet ligg i Førre, og turen opp startar i Førresdalen. Parkering på kveldstid og i helger ved Førresdalen barnehage. På dagtid i vekedagar kan ein stå langs vegen inn til barnehagen. NB! Ikkje parker ved lekeplassen der sjølve turen startar!
Følg vegen videre nedover Førresdalen forbi caravansenteret til ein kjem til balløkke/lekeplass. Følg akebakken opp til toppen, ta til høgre på toppen av akebakken og følg stien til topps. På toppen (219 moh.) er det flott utsikt! Turen opp tar ca 30 min.
Du kan og laga deg ein rundtur ved å gå nordover frå toppen og komma ned i byggefeltet ved Fjellvegen.
Finn meir info om turen her:
Goturen
Ut.no
">